Sommarsesong-avslutning
Fredag, 13.08-10, vert det PubQuiz frå kl 21-02(quizen startar kl 22). Møt opp i lag på 3-5 personar. Aldersgrense 18 år.
Søndag, 15.08-10, vert den siste dagen me serverar frå sommarmenyen. Kjem du og bestillar deg middag då får du GRATIS bløtkake og kaffi attpå.
Frå førstkomande måndag vil butikken halde fram som vanleg, mens kafeen vil redusera menyen, men det vil fortsatt vere mogleg å få kjøpe seg deilege, heimelaga kaker, kaffi og lettare rettar.
Velkommen!! Og takk til alle besøkande i sommar!
P.S. Me ønskjer oss tilbakemelding på kafeen på:
------------------------------------------------------------------------------------------
Minikonsert med
Lena Skjerdal og Kari Malmanger
31.07.2010 kl 17.
På laurdag kl 17 får me besøk av to dyktige vokalistar. Uttrykkjet deira er eksperimentelt og dei viser spennande stemmebruk.
Me GLER oss til denne sjeldne opplevinga:)

------------------------------------------------------------------------------------------
PubQuiz
16.07.2010 kl 21-02.
Fredag vert det QUIZ kl 22. Møt opp i lag på 3-5 personar og bryn dykk på spørsmål frå diverse kategoriar. Skru av TV'en og legg vekk kryssordet denne kvelden og bli med på sosial hjernetrim.
PS. No ligg årets meny ute, du finn den
her.
------------------------------------------------------------------------------------------
1. Pinsedag
23 mai 2010 kl 13-18.
Hovudrettar:
Varmrøykt laks – 170,-

frå Sognefjord Naturkjøkken! Servert med gulrot, grønt og mandelpotet.
Salat med kyllingfilét – 150,- med akasiehonning, balsamicokrem, valnøter og pinjekjerner.
Salat med geitost – 130,-med sognakvitost frå Undredal, pinjekjerner, grilla paprika og vinaigrette.
Gresk salat – 90,-med oliven, fetaost, tomat, agurk, raudløk ogtzatsiki.
Dessert:
Slørde bondejenter/fjelljenter – 60,- med eplemos/rørd molte frå Solvorn, krem ogkavring.
------------------------------------------------------------------------------------------
Nyopning av Solvornbui
Skjærtorsdag, langfredag, påskeafta og 1.påskedag.
1-4 april 2010.
Skjærtorsdag 01.04.10 opnar me med
Biff Stroganoff m/ris og salat frå kl 18.00-20.30.
På kvelden vert det PubQuiz, me opnar dørene kl
21.00. Quizen startar kl 22.00. Møt opp i lag på 3-5
personar. Det vert flotte premiar! (18 års aldersgrense.)
Langfredag 02.04.10 kan du komme innom å
få kjøpt deg Minestronesuppe og/eller heimebakte
kaker og kaffi.
Ope: 13.00 – 18.00.
Påskeafta 03.04.10 serverar me Påskelunsj frå
13.00 – 18.00.
1.påskedag 04.04.10 kan du ta ettermiddagskaffien
hjå oss med heimebakte kaker og kaffi.
Ope: 16.00 – 19.00.
Vel møtt til feiringa!
Elles vil me ynskje dykk
ei Strålande Påske!
------------------------------------------------------------------------------------------
Vinkurs og konsert
Laurdag, 18.07.09
Vinkurs: 20-22.
Endeleg vertdet arrangert vinkurs på Linahagen:)
Kurset er for alle som er litt nyfikne og interesserte i vin og ein treng ikkje førehandskunnskap.
Kurshaldar er Steffen Hilleren.
Påmelding innan fredag 17. juli tilSigne på
Pris: 300 kr. Maks 30 personar på kurset, så ver tidleg ute:)
Konsert: 2230-23.
Konserten byrjar etter kurset. Sigbjørn Engjom og Sigrid Rauboti vil spele og syngje kjente, gamle sangar. Blant anna frå Elvis og Jimi Hendrix.
Etterpå vertdet pub! Vel møtt:)
Aldersgrense: 18 år.
------------------------------------------------------------------------------------------
Velkommen til Opningspub, laurdag 20.06.09!
Nyt gamle tonar av Dolly Parton, og andre i ny, akustisk versjon med Renate Skophamar.
Konsert:2200-2300.
Servering:2100-0130.
Aldersgrense 18 år.
------------------------------------------------------------------------------------------
Velkommen til Linahagen Kafé!
Velkomen til sommarsopninga av Linahagen Kafé søndag 14. juni
Denne dagen vil me freiste å gje dykk eit innblikk i kva slags mat det blir å få på kafeen denne somaren. Dette vonar me å oppnå gjennom eit utval av ”småmat”, kaker og kaffi. ”Småmaten” vil vera både fisk, fugl og midt i mellom; røykelaks og varmrøykt laks frå Sognefjord Naturkjøkken, geitost frå Undredal, Linahagen sin heimelaga burgar, salatar, spekemat osb.
Av søte freistingar vil me ha bløtkake, gulrotkake, snickers-kake og andre kaker.
Kunstnaren, Åshild, er busett på Voss, men har i samband med utstillinga henta inspirasjon og motiv frå Solvorn. Ho jobbar med foto, og datamanipulering av foto, gjerne i kombinasjon med akrylmåling på lerret. Spennande!!!
Opningstida denne dagen: 12-18.
Vel møtt!!